​​​​​​

Liafjord

  • Liafjord er 64 meter lang, og er utvikla og utstyrt for å bruke minst mogleg drivstoff.

  • Skipper William Rabben er godt nøgd med FlexiBridge bru-konsollane frå Steinsvik.

  • Liafjord er den første fiskebåten som er utrusta med Rolls Royce sin Hybrid akselgenerator (HSG).

  • Den kombinerte snurparen/trålaren M/S Liafjord blei levert frå Eidsvik Skipsbyggeri hausten 2012.

  • Tryggleiken til mannskapet stod i fokus då båten blei utrusta.

  • Liafjord kan brukast til for eksempel brønnbåt eller liknande utanom fisket.

  • Liafjord er klassifisert både som lastebåt og fiskefartøy.

  • Maskinisten Erik Gåsvær og styrmann Ole Henning Nekkøy.

  • Liafjord er utrusta for pumping av trål frå hekken – dette sparar tid og er sikrare for mannskapet.

  • Det er god plass på uteområda på Liafjord.

  • Rommet til hovudmaskina, ei Wärtsilä W32 (3000 kW).

  • Liafjord har mykje moderne elektronikk.

  • Båten har 11 romslege lugarar og 15–16 køyeplassar.

  • Lugarane er utstyrte med eigne bad og toalett, salong, seng med
    skuffeseksjonar under og et stort nattbord med tilhøyrande skapplass.

  • Liafjord har ein lys og trivelig salong og messe.

  • Stuerten Torbjørn Nilsen.

  • Hovudmåla på Liafjord er 64 x 13,8 meter med djupgåande på sju meter.

  • Linjene i skroget er optimaliserte for å ha minst mogleg motstand i sjøen.

  • Liafjord er eit av dei mest miljøvenlege fiskefartøya i verda.

Den kombinerte snurparen/trålaren M/S Liafjord blei levert av Eidsvik Skipsbyggeri hausten 2012 og er no i full drift. Det 64 meter lange fartøyet er utvikla og utstyrt for lågast mogleg drivstoffbruk, noko som gjer fiskebåten billegare i drift og reduserer utsleppa av miljøskadelege stoff.

I designen vår har vi lagt vekt på at fartøyet kunne drivast med så låg drivstoffbruk som mogleg. For å oppnå dette har vi optimalisert linjene i skroget for minst mogleg motstand i sjøen, og valt ei framdriftsløysing frå Wärtsilä som bidreg ytterlegare til god drivstofføkonomi. 

Mannskapet kan blant anna kople ut hovudmotoren og operere båten med rein dieselelektrisk framdrift frå ein hjelpemotor med variabelt turtall ut på propellen. Med ein effekt på 1690 kW er hjelpemotoren så kraftig at den kan brukast åleine under fiske- og transportetappar. Ei slik løysing har berre blitt teke i bruk på et fåtal andre fiskebåtar, og løysinga Liegruppen Fiskeri har valt er ei nyutvikla og endå meir avansert utgåve.

Sjå Liafjord på kolmulefiske

Spesifikasjonar

Namn: Liafjord  
Type: Snurpar/trålar 
Levert: 28. september 2012
Verft: Eidsvik Skipsbyggeri AS
Byggjenr: 224 
Eigar: Libas AS

Hovuddata 
Lengde o.a.: 64,00 m 
Lengde b.p.p: 56,64 m
Maks breidde13,80 m 
Djupn i riss til 1.dk.6,75 m
Draft: 7,00 m
DW: 600 t
GT: 1825
NT: 547
Lasterom: 1650 m3
IMO nr.: 9621974

Klasse 
DNV ✠1A1, Fishing Vessel

Hovudmotor 
Wärtsilä 6L32 dieselmotor

Innkvartering 
14 personar