​​​​​​

Solsvik Kai / Solsvik Eigedom

Ved Solsvik Kai på Sotra er Liegruppen i gang med å utvikle eit spanande eigedomsprosjekt. På tomta til eit tidlegare industribygg, ein gamal krabbefabrikk, planlegg vi å setje opp nye leilegheiter. Eigedomen er for tida leigd ut til lager og båtplass.

Vi har ein godkjend reguleringsplan som legg til rette for bygging av 13 leilegheiter med tilhøyrande garasjeanlegg i sokkel, leikeareal, fellesareal på kaia og småbåtanlegg.

Plassering

Området har ei fantastisk og lun plassering ved sjøen. Solsvik er ei koseleg og etablert bygd med eldre, kvite trehus. Intensjonen er at dei nye leilegheitene skal fungere som ein integrert del av Solsvikbygda, samtidig som dei tilfører området positive eigenskapar i form av ny arkitektur og aktivitet på Solsvik Kai.