​​​​​​

Mjåtveit Næringspark

25 minutt frå Bergen sentrum har Mjåtveit Næringspark ein visjon om å tilby et ope og pulserande miljø der ulike profesjonar kan arbeide side om side. Næringsparken vil innebere fleire hundre arbeidsplasser for Meland.

Meland er ein kommune i vekst. Butikkane i Meland auka omsetjinga med over 19 % i 2011 i følgje SSB. Dette var den tredje største auken i landet og den største i Hordaland. Vi ynskjer å skape ein mangfaldig næringspark med god aktivitet, eit triveleg miljø og stimulere til synergiar mellom verksemdene, nyskaping og vidare vekst.

Det er stor etterspurnad etter næringstomter i Bergen, men tilbodet er lite. Næringsområde i sentrum blir i aukande grad omgjorde til bustadområde. Dermed treng bedriftene areal andre stadar. Trafikksituasjonen i Bergen medverkar òg til at bedrifter ser etter eigna areal som er sentralt plasserte i forhold til vegnettet utanfor byen. 

  • Ynskjer du og di bedrift nye lokale?
  • Treng de meir plass?
  • Treng de meir effektive lokale?
  • Ynskjer du kort veg til Bergen sentrum utan å bli hindra av den krevjande trafikksituasjonen?
  • Er Bergen Nord ei attraktiv plassering for di bedrift?
  • Vil du planleggje dei nye lokala dine på eit stort og fleksibelt område like ved riksvegen?

 

Svaret er Mjåtveit Næringspark – og tomtesalet er allereie i gang! Verksemdene som kjem inn tidleg, får stor fleksibilitet i valet av tomt og utforminga av denne.

Plassering

Mjåtveit Næringspark ligg to kilometer frå kommunesenteret Frekhaug og seks kilometer frå Knarvik, sør for riksvei 564 med grense til riksvegen. Næringsområdet ligg 27,5 km frå Bergen. Eikåstunnelen, som no held på å bli bygd, vil korte ned avstanden. Når Nyborgtunnelen er ferdigbygd i 2017, vil det berre ta 20–25 minutt frå Mjåtveit Næringspark til Bergen sentrum.

Liegruppen eig Mjåtveit Næringspark, eit område på ca. 100 daa, tilsvarande om lag 15 fotballbaner. Arealet ligg ved ein ny og forbetra del av riksveg 564. Tilkomsten/avkøyringa til riksvegen er sentralt plassert i området på ein strekning med god sikt. Vegane internt på området er dimensjonerte for vogntog VT med 7 meter kjørebanebreidde, 1 meter skulder og 2,5 meter breitt fortau.

Næringsparken er regulert til kombinerte føremål, med plass nok til både butikkar, kontor og industri.

Området passar for mange ulike typar verksemder – alt frå bilforhandlarar, møbelkjeder, hagesenter, treningssenter og lettare industri. Fleire aktørar har meldt si interesse og tre tomter er allereie selde til anerkjende bedrifter: Borlaug & Brosvik Transport, Unigrafisk (trykkeri) og Byggrengjøring. Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsverk (NGIR) er interessert i å etablere ein miljøstasjon på området. 

Tomter og næringsbygg i Mjåtveit Næringspark

Salet av grovplanerte tomter er godt i gang. For meir informasjon, sjå annonse på FINN.no 
Les artikkel om tomtesalet i Mjåtveit Næringspark som blei publisert i Strilen den 21.4.

Mjåtveit Næringsbygg har prosjektert to lågenergibygg med planlagd byggestart hausten 2013. For meir informasjon, sjå annonse på FINN.no.

Siste nytt frå Mjåtveit Næringspark 


For meir informasjon om prosjektet, sjå www.mjaatveitparken.no eller les brosjyra vår.

Kontakt

Lene Haug 
Mob 47 64 61 93 
E-post: lene@liegruppen.no