​​​​​​

Prosjekt Kystby

  • Med ei stor offentleg brygge, vil Bildetangen bli porten inn mot Sotra Kystby frå sjøveien.

  • Bildetangen skal bli framtidas by, tufta på kystkulturens historie og verdiar.

  • Kollektivtilbod og sykkelvegar vert pulsåra som knyt saman Sotra Kystby.

  • Med lune hamner, gater og torg vil Bildetangen gje unike byopplevingar og kvalitetar ein ikkje finn andre stadar i verda.

Nordre Bildøy ligg eit steinkast frå senterområdet på Straume, strategisk plassert i forhold til utviklinga av Straume som by og regionsenter.

Her representerer Liegruppen grunneigaren sine interesserer i eit område på nær 300 mål. Med ei grundig landskapsplanlegging og handsaming kan området bli ideelt som ein del av den nye kystbyen.

Utrekningar viser at ei optimal utnytting av nordre Bildøy kan gje plass til rundt 7000 menneske, hotell, kulturhus, næringsareal, parkar og vrimleområde mot sjøen.

www.bildetangen.no Liegruppen opna ein eigen visjonsportal der du kan finne omfattande informasjon om moglegheitene og planane for nordre Bildøy.

Sotra Kystby

-Ein tenkt dag i ein tenkt kystby

 


Kontakt

Ta kontakt med Roy-Eddy Lie for meir informasjon.