​​​​​​
  • Panorama Boligutvikling AS

  • Panorama Boligutvikling AS -utsikt mot nord

  • Panorama Boligutvikling AS - utsikt mot vest

  • Panorama Boligutvikling AS - utsikt mot sør

  • Panorama Boligutvikling AS - skisse

  • Panorama Boligutvikling AS - skisse

Straumsfjellet Panorama

Liegruppen Eiendom AS er ein av tre aksjonærar i Panorama Boligutvikling AS som saman har utvikla gnr. 35 bnr. 388 sentralt på Straumsfjellet, like ved Sartor Storsenter på Sotra.

I januar 2012 vart prosjektet som heilskap overdrege til Kronstadparken Bolig AS og du kan følgje det vidare på www.kronstadparkenbolig.no.

Om prosjektet

Kommunestyret godkjende reguleringsplanen for området S-d Straumsfjellet Panorama 27.01 2011.
Les den godkjende reguleringsplanen og saksdokumenta frå Fjell kommune.

Bakgrunnen og hovudmålet for planarbeidet er og har vore at utbygginga av bustadar skal bli eit arkitektonisk element i logisk samanheng med byveven som er i ferd med å utvikle seg i Straumeområdet. Det er lagt til rette for eit breitt utval leilegheiter for bustadsøkjande i ulike typar livssituasjonar, med lett tilgang til gode uteområde og trygge gangsamband til skular, barnehagar, offentlege kommunikasjonsmiddel og butikkar. Den godkjende reguleringsplanen legg til rette for eit samla bruksareal (BRA) til bustadar på 20 916 m 2 fordelt på 212 einingar frå 50 til 120 m 2.

Gode parkeringstilhøve under tak

Det vert lagt opp til gode parkeringstilhøve med ein parkeringsfaktor på 1,3 (inkludert gjesteparkering) pr. bueining.

All parkering vert lagt under bakken, og det er planlagt to parkeringsetasjar med innkøyrsel frå nordaust.
Det vert òg lagt til rette for sykkelparkering.

Friområde like ved

Bustadområdet ligg i nærleiken av friområde, og det er turveg i sør frå hovudinngangen.

Solrik plassering med spektakulær utsikt

Straumsfjellet Panorama vil, med si plassering på toppen av Straumsfjellet, utgjere ein markant og attraktiv del av det nye Straume. Bustadområdet ligg vestvendt og solrikt til, med ei fantastisk utsikt mot Sund på søre Sotra, Sotra vest og Nordhordland.

Sentralt:

  • Kart over Straumsfjellet Panorama Cirka 15 minutt til Bergen sentrum med bil
  • Kort veg til alle servicetilbod ved Sartor Storsenter, Fjell Rådhus, Straume Nærinspark, osv.
  • Kollektivknutepunkt på Sartor Storsenter


Kontakt

Lene Haug
Tlf.: +47 56 31 68 91
Mob.: +47 47 64 61 93
E-post: lene@liegruppen.no