​​​​​​

Brisling (Sprattus sprattus)

Brisling Sesong

januar, juni-desember.

Storleik

9 -15 cm, opptil 15 gram.

Fisken/fisket

Brislingen liknar på silda, men er ein mykje mindre, pelagisk stimfisk med stor utbreiing som sjeldan lever djupare enn 150 m. Hos oss gyter fjordbrislingen kvart år i Oslofjorden og ved den austlege delen av Skagerrak-kysten. Enkelte år skjer det også gyting i fjordane mellom Lindesnes og Farsund, og i nokre vestlandsfjordar. Fiske etter fjordbrisling skjer i all hovudsak i fjordane i Sør-Noreg.

Havbrislingfisket

Dette fisket går føre seg i sørlege delar av Nordsjøen, heilt nede ved den engelske kanalen. Fisken blir hovudsakleg brukt til fiskemjøl.

Vanlege fangstredskap

Snurpenot.

Bruk

Brisling blir som regel selt frosen eller i produsert form. Brisling er eit viktig råstoff for industrien, der han blant anna blir produsert til ansjos. I Noreg blir hermetiske påleggsprodukt av brisling selt under namna sardin og ansjos. Arten blir også bruka til industrifisk. Brisling er ei god kjelde til omega-3-feittsyrer og vitamin D, og har også eit høgt innhald av vitamin B12.

 

Fangstsone

Fangstsone - brisling