​​​​​​

Hestmakrell (Trachurus trachurus)

Hestmakrell Hestmakrell blir også kalla "taggmakrell".

Sesong

oktober - desember.

Storleik

40-50 cm, opptil 1,5 kg

Fisken/fisket

Hestmakrellen er på beitevandring frå kysten av Afrika til norske farvatn. I Noreg fiskar vi han når han samlar seg i stimar i nordlege delar av Nordsjøen frå september til desember.

Vanlege fangstreiskapar

ringnot og trål

Bruk

Hestmakrellen går for det meste til konsum. Frå Noreg blir han eksportert til Japan og andre marknader i Austen og i Afrika. Hestmakrell blir laga på same måte som sardinar, og blir i Sør-Europa omsett fersk eller røyka, i stor utstrekning også hermetisk. Inneheld selen, vitamin A og D.

Fangstsoner

Fangstsoner - Hestmakrell