​​​​​​

Lodde (Mallotus villosus)

Sesong vinterloddefisket

januar-april.

Sesong sommerloddefisket

august-november.

Storleik

sjeldan meir enn 20 cm.

Fisken/fisket

Loddebestanden vår, som vi forvaltar i samarbeid med Russland, har gyteområdet sitt på kysten av Nord-Troms, i Finnmark og på Kolahalvøya. Oppvekst- og beiteområdet strekkjer seg frå Svalbard i vest til Novaja Semlja på russisk side i aust.

Namnet sitt har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjell langs sida i gytetida. Hannen blir kalla faks-lodde, medan hoa, som manglar denne stripa, blir kalla sil-lodde. Holodde som er full av rogn, blir rekna som ei stor delikatesse i Japan. Lodda er kjønnsmoden ved trefem års alder. Etter den fyrste gytinga døyr dei aller fleste, noko som også forklarar dei store variasjonane i loddebestanden. Noreg har også kvote på den islandske loddebestanden.

Vanlege fangstreiskapar

snurpenot og trål.

Bruk

I Noreg vert lodda hovudsakleg brukt til fiskemjøl og forbruk. Lodda er ein feit fisk og inneheld mykje omega-3-feittsyrer. Feittinnhaldet varierer med årstidene.

Fangstsoner