​​​​​​

Makrell (Scomber scombrus)

Sesong

april-november.

Storleik

opptil 66 cm, sjeldan over 40 cm.

Fisken/fisket

Makrellen er ein pelagisk, hurtigsymjande fisk som om sommaren og utover hausten opptrer i store stimar langs kysten og ute i Skagerrak, Nordsjøen og i det sørlege Norskehavet. Havforskarane har delt inn makrellen i tre hovudbestandar: ein vest for Dei britiske øyer, ein i Nordsjøen og Skagerrak og ein tredje i Biscaya.

Makrellen som blir fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet blir forvalta saman med den vestlege bestanden. Kvart år landar norske fiskarar mellom 100 000 og 150 000 tonn makrell i Noreg. Mesteparten er atlantisk makrell som vandrar inn i Nordsjøen og Skagerrak om hausten. Makrellen gyter vest for Irland i mars, og i Nordsjøen i mai. Fisket skjer hovudsakleg frå mai til desember.

Vanlege fangstreiskapar

ringnot, trål og dorg

Bruk

Makrell blir selt som fersk og frosen filet og heil fisk. Det er mange produkt av makrell, blant anna varmrøykt, kaldrøykt og pepperrøykt. I tillegg fleire variantar av hermetisk makrell og påleggsmakrell i tomat. Om våren har makrell lågt feittinnhald, cirka 3 prosent, medan haustmakrellen kan innehalde opp til 30 prosent feitt, og dermed store mengder omega-3-feittsyrer. Makrellen er også ei god kjelde til vitamin D og B12.

Fangstsoner

Fangstsoner - makrell