​​​​​​

Sild (Clupea harengus)

Storleik/sesong:

Vintersild
Norsk vårgytende sild (NVG-sild): 3-5 stk./kg. September-mars.

Fisken/fisket

I havområda våre finst fleire bestandar av sild, men norsk vårgytande sild er definitivt den største. Norsk vårgytande sild har overvintringsområdet/oppvekstområdet sitt utanfor kysten av Nord-Noreg. I februar/mars er gyteområdet frå Møre-kysten og opp til Lofoten.

 

Etter gyting går silda vidare på næringsvandring vestover før ho trekkjer nordover og til sist austover utpå hausten. Larvane følgjer kyststraumen nordover, og oppvekstområdet for ungsilda ligg i Barentshavet. Det var den norske vårgytande silda som la grunnlaget for det norske vintersildfisket, feitsildfisket og småsildfisket. Som ei følgje av klimaendringar gjorde temperaturendringar i sjøen at bestanden vart liten tidleg på 1970-talet, og silda blei freda. Ved hjelp av strenge reguleringar i vel 20 år er bestanden no bygd opp att og bidreg til store fiskeri. Det norske fisket skjer hovudsakleg i perioden oktobermars når silda har god kvalitet og er lett tilgjengeleg.

Nordsjøsild (sild sør for N62 grader)

Sildefisket i Nordsjøen og Skagerrak skjer stort sett heile året.

Vanlige fangstredskap

Ringnot/trål.

Bruk

Sild blir selt som fersk og frosen filet og heil fisk. Handsama sild finst i svært mange variantar, for eksempel salta (varmrøykt og kaldrøykt), salta og kryddersalta filet og ulike typar marinert påleggssild, som sursild, tomatsild og rømmesild. Sild er ei utmerka kjelde til vitamin A, D og B12. Feittinnhaldet varierer med årstidene. Silda er også rik på omega-3-feittsyrer.    

Fangstsone

Fangstsone nvg sild