​​​​​​

Tobis (Ammodytes marinus)

Tobis Storleik:

opptil 24 cm og 0,1 kg

Fisken

Tobis er eit samleomgrep for fleire artar innan sildefamilien. Tobisen held til på sandbotn. Her brukar han ein stor del av tida si i nedgraven tilstand. Om vinteren går han i dvale. Om sommaren, når han elles er aktiv, nyttar han dei mørkaste timane i døgnet og mørke overskya dagar på denne måten.

Den slanke torpedoforma kroppen gjer tobisen særs godt eigna til å grave seg ned, og som ei ytterligare tilpassing er spissen av underkjeven forma som ein liten "bulb" (som på båtar) som stikk litt fram framføre overkjeven. Han fungerer som eit borehovud.

Tobisen har ikkje symjeblære, noko som er mindre viktig når ein er det meste av tida si ved og nær botnen. Dette inneber også at tobisen, for å unngå å søkke til botnen, heile tida må røre på seg når han er oppe i vassmassane. Mangelen på symjeblære gjer også at han kan vere vanskeleg å sjå på ekkolodd.

Går i dvale, men er også vintergytar

Tobisen kjem ut av sanda om morgonen og beiter utover dagen, og synest tydeleg å vere avhengig av synet for å fange føde. Nivået på symjeaktiviteten i den lyse perioden er i hovudsak bestemt av tilgangen på mat, lysintensitet og temperatur, og alle desse faktorane kan vere avgrensa.

Tobisen ligg i ei form for dvale om vinteren. Men han er også vintergyter og må derfor nødvendigvis ut av sanda for å gyte. Dette skjer i perioden rundt årsskiftet. I den lange dvaleperioden må stoffskiftet køyrast ned for at fisken skal overleve på feittlageret han har opparbeidd seg i løpet av ein relativt kort beiteperiode. For ein vaksen fisk varer beiteperioden frå  byrjinga av april til juli. For den yngre fisken, som skal vekse mest mogleg, startar beiteperioden før og sluttar seinare.

Fangstsoner

Fangstsone Tobis