​​​​​​

Fylkesmannen trekkjer motsegna mot Ørnhaugen-planen

Liegruppen har lenge arbeidd med eit forslag til reguleringsplan for ”Ørnhaugen kystlandsby” på Langøyna i Fjell kommune. Reguleringsplanen, som dekkjer eit område på ca. 113 daa, legg til rette for eit leilegheitshotell med restaurant og serviceanlegg, fritidseigedomar, småbåthamn og badeplass.

Forslaget blei først behandla i det som då heitte det faste utvalet for plansaker den 28.11.06, og lagt ut på høyring i perioden 16.12.06 til 19.1.07.

I denne samanhengen fremja blant anna Fylkesmannen i Hordaland motsegn mot planforslaget. Etter ein lengre dialog og møte med Fylkesmannen blei planforslaget endra, utan at Fylkesmannen ville trekkje motsegna si på enkelte punkt. Motsegna medførte så store endringar i planen at Komiteen for plan og utvikling vedtok å leggje den ut på høyring i perioden 27.10.09–8.12.09. I eit brev datert 14.12.09 opprettheldt Fylkesmannen igjen motsegna til planen. Etter dette blei det halde fleire møte mellom Fjell kommune og Fylkesmannen utan at dette førte fram til ei løysing.

Etter mekling hausten 2010 blei planen behandla kommunestyret den 27.10.2011. Der avgjorde ein å sende planen over til korrigering i Komiteen for plan og utvikling i samsvar med meklingsresultatet, slik at Fylkesmannen kunne trekkje motsegna.

I forkant av møtet i Komiteen for plan og utvikling viste det seg at partane framleis forstod delar av meklingsresultatet på ulik måte og motsegna til Fylkesmannens stod difor fast.

Fjell kommune meinte likevel at planen var endra tilstrekkeleg i forhold til meklingsresultatet, og valde å sende den over til Miljøverndepartementet for ei endeleg avgjerd i saka.

No har altså Fylkesmannen etter en ny vurdering komme fram til at planen likevel kan godkjennast.