​​​​​​

Solplassen Solsvik – samarbeid mellom Liegruppen og Sartor Maskin

Liegruppen kan med glede stadfeste at Solplassen Solsvik AS no har blitt eit samarbeid mellom Liegruppen og Sartor Maskin (Sartor Maskin har kjøpt 50 prosent av aksjane).

Liegruppen har, som kjend, arbeidd med å utvikle eit område i Solsvika i Fjell kommune, og i 2012 fekk vi godkjend ein reguleringsplan for området som legg til rette for ca. 64 leilegheiter. Prosjektet har blitt drive fram gjennom selskapet Solplassen Solsvik AS.

Den neste fasen i utviklinga er utbygginga av prosjektet, og i tida etter at planen blei godkjend har vi vurdert korleis dette skal gjennomførast. Ein aktuell modell har vore å knyte til seg ein samarbeidspartnar, gjerne ein entreprenør som kan ta eigarskap i prosjektet og stå for vidare prosjektering og utbygging.

Liegruppen er svært nøgd med at Sartor Maskin no er med på laget, og er sikre på at vi med dette har knytt til oss ein solid lokal aktør som kan vere med på å til å løfte prosjektet inn i utbyggingsfasen.

Prosjekteringa av dei første leilegheitene er ferdig og vi kan no leggje første byggetrinn (av totalt fire) ut for sal. Byggetrinn 1 inneheld 12 funksjonelle sjølveigarleilegheiter med fantastisk utsikt og mykje sol.

Les artikkelen i Vestnytt 18.06

For meir informasjon om prosjektet Solplassen Solsvik, sjå annonsen under:

http://www.finn.no/finn/realestate/newbuildings/object?finnkode=42119800&areaId=20242

Sjå òg heimesida til prosjektet:

www.solplassen-solsvik.no

Sidan Sartor Maskin har teke over administrasjonen av prosjektet har Arild Bøthun frå Sartor Maskin blitt ny dagleg leiar i Solplassen Solsvik AS.

Ein ny reguleringsplan er no godkjend for området som ligg vis-à-vis Sartor Senter og Bussterminalen på Straume.

Se flere bilder

Klikk på bildene for å se dem i større format.