​​​​​​

Første spadetak på Solplassen Solsvik

No er grunnarbeidet i gong på Solplassen Solsvik for fyrste byggetrinn av totalt ca. 64 einingar.

Om du køyrer på Skjærgardsvegen forbi Solsvik, har du nok allereie oppdaga at det skjer ting langs vegen ved Solsvika. Gravemaskinene og boreriggane til Sartor Maskin har tatt sine fyrste tak og grunnarbeidet er no godt i gong.

- Fyrste spadetak er alltid ein stor milepæl. Prosjektet tar no fyrste steg mot ferdigstilling, seier prosjektleiar Arild Bøthun hos Sartor Maskin.

Her skal det i fyrste byggetrinn etablerast 12 einingar av dei totalt ca. 64 som reguleringsplanen opnar for. Like før fellesferien vart det arrangert salsmøte og fleire leilegheiter vart selt eller reservert. Til tross for at alle leilegheiter enda ikkje er selt, har grunnarbeidet starta.

- Interessa for prosjektet har vore uventa høg. Vi har allereie selt mange leilegheiter, og vi reknar med at dei siste går unna i løpet av kort tid, seier Cristian Carter i Liegruppen Eigedom.

No som grunnarbeidet har teke til, forventar Sartor Maskin at ein kan rekna med å ha innflytting rundt juletider 2014.