​​​​​​

Eit stort steg nærmare Sotra Kystby

Eit samrøystes kommunestyre vedtok torsdag 26. september å godkjenne kommunedelplanen for Bildøyna/Sotra Kystby.

- Dette er den største dagen i Prosjekt Kystby sin historie! Ein godkjent kommunedelplan stadfester det vi har arbeidd med i meir enn 8 år – at Bildetangen på nordre Bildøyna skal bli neste steg i utviklinga av Sotra Kystby, seier eigedomssjef Roy-Eddy Lie.

Formålet med kommunedelplanen er å skape eit sjøvend byområde med levande bumiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar. Denne planen skal saman med Straume sentrum danne heilskapen i Sotra Kystby.

- Vårt prosjekt ute på Bildetangen kan ein gjerne kalle for «fase 2» i Sotra Kystby. Straume er i utvikling no og vil fortsatt gjere det i åra framover. Bildetangen vil gradvis vekse fram og saman vil Straume og Bildetangen utgjere Sotra Kystby i framtida. I hovudsak er målet vårt å setja nøkkelen i døra på den første leilegheita den dagen snora vert klypt på ei ny Sotrabru, seier Lie.

No som kommunedelplanen er godkjent vil arbeidet med å utarbeide ei områderegulering for Bildetangen ta til. Dette arbeidet vil i større grad definere korleis området skal sjå ut i detaljar.

- Det vert eit utroleg spennande arbeid som skal gjerast framover. Arbeidet vil verte omfattande og det er mange utfordringar som vi nesten ikkje kan vente med å ta fatt på, avsluttar Roy-Eddy Lie.

Les artikkel publisert i Vestnytt 26.09.

Les artikkel på nettsidene til Bergen Næringsråd.

Les artikkel på nettsidene til Vest Næringsråd.

Les artikkel publisert i Vestnytt 28.09.