​​​​​​

«Solplassen Solsvik» byrjar å ta form

Arbeidet med oppføringa av første byggjetrinn av «Solplassen Solsvik» går etter planen.

Dersom du køyrer på Skjærgardsvegen forbi Solsvik, har du nok allereie oppdaga at det skjer ting langs vegen ved Solsvika. Kranane til Sartor Maskin er godt i gang i arbeidet med oppføringa av det første leilegheitsbygget i «Solplassen Solsvik».

Det første byggjetrinnet skal romme 12 av dei til saman 68 leilegheitene som prosjektet førebels rommar. 

Grunnarbeida som starta hausten 2013 baud på få problem, og no som arbeidet med sjølve leilegheitsbygget er godt i gang er vi framleis innstilte på å ha leilegheitene klare for innflytting rundt juletider i 2014.

Sjå fleire bilete

Klikk på bileta for å sjå dei i større format.