​​​​​​

Ytterlegare styrking av bustadprosjektet på Bjåneshalvøya

Prosjektet vil truleg gå over 15 til 20 år og planen legg òg til rette for hotell, båthamn, servicefasilitetar og ein spanande natur- og kulturpark. 

Liegruppen Eiendom AS og StorBergen Boligbyggelag AS eig 50 prosent kvar i selskapet Os Fjordboliger AS, medan Christian Foss kontrollerer selskapet Bjånes Utvikling AS. Kvar for seg har dei to selskapa hatt avtalar med grunneigarar på Bjåneshalvøya og gjennom sju år har dei samarbeida tett seg imellom og med Os kommune. For å sikre ei heilskapleg utvikling og solid gjennomføringskraft har ubyggingsselskapa blitt einige om ei felles løysing i form av eit nytt selskap med namn Bjånes Fjordboliger. 

Eigarsitsen i Bjånes Fjordboliger blir som følgjer:

  • GSE Sandvik AS skal eige 1/3 av aksjane
  • StorBergen Boligbyggelag skal eige 1/6 av aksjane
  • Liegruppen Eiendom AS skal eige 1/6 av aksjane
  • Milepel AS skal eige 1/3 av aksjane

Det blir ei svært spanande tid framover, med vidare utvikling av Bjåneshalvøya, og vi ynskjer òg å starte bygginga av ein helt ny tilførselsveg i 2015. De første bustadane kan leggjast ut for sal i 2016 og vil stå ferdige i 2017. StorBergen Boligbyggelag ved Tom Arne Olsen vil stå for den daglege leiinga av selskapet. Det er òg inngått ein rammeavtale om prosjekteringa med Stord-selskapa jk.arkitektur AS og Akvator AS. Vi vil no gå i gang med detaljreguleringa der vi utviklar karakteren til bygningsmiljøet i det første delområdet, med vekt på arkitektonisk nyskaping og kvalitet.

Les pressemeldinga her

Les artikkelen som blei publisert i BT den 20.12.2013