​​​​​​

Leigetakar kjøper Ågotnes Senter

Ågotnes Senter AS (ÅS) er solgt frå Ågotnes Service Senter AS (ÅSS)  til Stikai Holding AS.  

ÅSS vart oppstarta i mai 1984 og drevet av Hans Jørgen Lie. Stikai Holdig AS har vert leigetakar i bygningsmassen via datterselskapene Ågotnes Hotell AS og Ågotnes Bensin og Storkiosk AS gjennom ei årrekke. Det har vore eit spesielt godt og tett samarbeid, som starta allereie då Frank Kjelsvik vart ansatt i Ågotnes Service Senter AS, som då dreiv hotellet og bensinstasjonen mm. Etterkvart stifta Kjelsvik selskapa Ågotnes Bensin og Storkiosk AS og Ågotnes Hotell AS og overtok drifta av henholdsvis bensinstasjonen, hotellet og Public cafè og bar. Det har vore svært spanande å følgja den utvikling og vekst som har vore desse åra, gjennom satsing og godt nærvær i drifta. Me takkar for samarbeidet så langt og ynskjer Frank Kjelsvik lykke til vidare, no og som byggeigar.