​​​​​​

Butterflyhuset opnar ny butikk på Liaskjæret

Vi gratulerer Butterflyhuset interiør ved Mariann Høgh Amland med nye lokaler i Liebygg på Liaskjæret.

Butterflyhuset interiør er interiørbutikken med nostalgisk sjarm. Her kan du kjøpe unike gåver til deg sjølv, eller til nokon du er glad i.

Butikken har eit rikt utval av interiørartiklar og klede. I butikken kan du og finne spennande ting som er eigenprodusert. På sikt vil Butterflyhuset få nettbutikk.

Butterflyhuset interiør har eigen side på Facebook. Logg deg på Facebook og søk på «Butterflyhuset interiør»