​​​​​​

Ågotnes Næringspark AS har kjøpt ny bustadrigg

Den nye bustadriggen har ein kapasitet på 88 rom. Alle romma er utstyrte med dusj, toalett, TV og det vil vere gratis tilgang til internett. I tillegg er det servering av frukost, matpakke, middag og kvelds i den store kantina i leiren.

Ågotnes Næringspark AS startar monteringa av den nye riggen rundt den 15. mars, og riggen vil vere klar til bruk frå 1. april.

Mannskapsforlegningen er bygd opp med tanke på aktivitetar og overnattingsbehov i samband med klassing av riggar på CCB. Ågotnes Næringspark AS har to mannskapsriggar frå før, og kvar rigg har en kapasitet på 88 personar.

Vi brukar i dag ESS Support Service AS til å drifte mannskapsforlegningen.

Ågotnes Næringspark AS er eit selskap der Coast Center Base (CCB) og Ågotnes Industripark AS båe eig 50 % av aksjane.

Les meir om Ågotnes Næringspark