Liegruppen har solgt Hansagården Eiendom AS og Hansaparkering AS til Hemfosa Samfunnsbygg AS. Inntil vidare vil Liegruppen stå for forvalting av eigedomsmassen.
I 2001 kjøpte Liegruppen det tidlegare produksjonsanlegget til Hansa Borg Bryggerier. Anlegget bestod av cirka 33 000 m² bygningar og 15 000 m² fjellhallar, samt ein parkeringsplass i Fløen på cirka 2000 m².
Stor-Bergen Boligbyggelag har frå 2003 vore med på utvikling av bustadareala og noko næringsareal i Hansagården Eiendom. I 2008 kom EGD Property inn på eigarsida i selskapet som eig og driv næringsareala. Etter omregulering og ei betydeleg investering består Hansagården Eigedom i dag av 188 leilegheiter, moderne næringslokalitetar og ulike servicetilbod.
Eigedomen har ei svært attraktiv plassering, med ti minutts gangavstand frå Bergen sentrum og kort avstand til Haukeland Sykehus. Vi har svært god parkeringsdekning, og dei gule bussane stoppar like ved anlegget.