MS Libas, ny i mars 2021, er eit fiskefartøy som er bygd for framtida og ei rekkje tekniske innovasjonar er nytta i arbeidet med denne båten.
Libas er 86 meter long og 18 meter på det breieste.
Båten er utstyrt med Duel Fuel motor og er pr dags dato fyrste og einaste fiskefartøy i verda som går på LNG gass/Biogass, i tillegg kan den også nytta diesel. Den er utstyrt med batteripakker.
Libas er også utstyrt med elektriske vinsjar som produserer straum ved skyting av wire og trålbruk. I tillegg har båten eige «vannkraftverk» om bord som produserer straum når båten slingrar.
Alle desse tiltaka, og mange fleire, gjer at farøyet får redusert energibruk, lågare utslepp, og redusert støynivå. Den har allereie no nådd regjeringa sitt klimamål for 2030.
I 2018 vart Libas vinnar av Innovasjonsprisen på Nor Fishing.
Les meir og sjå fleire bileter av Libas her.