Igjen vert det tenkt langt framover når ny Libas skal byggjast. Denne gongen er det miljøet som får nyte godt av nye innovasjonar.
Salt Ship Design AS fekk allereie for eitt og eitt halvt år sidan oppdraget med å utvikle ein fiskebåt ulikt alt som er bygd før. Etter lang utvikling og modningstid er begge partar stolt over å presentere dei første skissene av nye Libas.
Nybygget blir 86 meter langt og 17,80 meter breitt, og skal byggjast ved Cemre i Tyrkia.
Libas blir bygget med en 350 cum LNG tank som skal brukes som framdrift saman med ei stor batteripakke.
Skipet vert utrusta som snurper, og for både singel- og dobbeltrål.
Det gjenstår ein del endelege avklaringar av utstyr, så fleire detaljer vil kome seinare.